Hjørundfjordegga

Ei spektakulær eggvandring i hjarte av Sunnmørsalpane.

Hjørundfjordeggja består av toppane: Saksene 1034moh, 1056moh og 1073moh,  Breifonnhornet 1084moh, Røyfonnhornet 1172moh og Elsandtind 1308moh. Dette er noko av det beste Hjørundfjorden har å tilby.

Heile vegen langs den lange og flotte ryggen har du eit absolutt fantastisk utsyn over Hjørundfjorden og fjella på Kolåshalvøya på den eine sida og Nordangsfjorden, Slogen og dei andre fjella på Rånahalvøya på den andre sida.

Storslått utsikt og kvasse eggjer. Grøne dalar og blå bredar. Ei perle av ein tur skreiv Møre-Nytt i ein artikkel, Det er vi sikker på at du vil verte samd i. Dette er ein tur du må gå.

Utstyr:

Ryggsekk med mat og drikke og bekledning for ein lang dag i fjellet. Gode sko. Stegjarn og breøks kan vere nødvendig, men dette kan du få låne med oss. 

Priser

PRISAR: Vi tek 1500 kr pr person, dette om Dykk er 4 eller meir. Om Dykk er 3 personar tek vi kr 2000 pr person. 2 personar kr 3000 pr person. Ved 1 person er prisen kr 6000.

 

 Maks 6 personar pr guide.

 

Ved større grupper ta kontakt for pristilbod. Vi ordnar og overnatting, mat, båtskyss, henting/bringing og andre forespørslar.

Lyst å være med?

Denne turen er finast frå mai til november. Kan og gjerast på vintertid, men då under gode forhold

Kontakt oss

Epost: kontakt@hjorundfjordmountainguide.no

Tlf: +47 45235902 eller +47 95065934

Kontaktskjema

Forutsetningar:

Våre turar og kurs skal i størst mogeleg grad vere i tråd med kvar einskild og gruppa sine forutsetningar. (fysisk form, ferdigheiter, erfaring osv) Det er derfor viktig at du tek hensyn til dette ved valg av tur. Er du i tvil ta kontakt med oss.

Ver Og Føre

Ved dårleg ver,føre eller forhold forbeheld vi oss retten til å gå ein alternativ tur. Dette er det vår Guide som tek bestemmelsen på. Om vi ikkje kan tilby ein alternativ tur eller eit arrangement får deltakarane refundert det innbetalte beløpet.

Ansvar Og Medansvar:

Deltakelse på fjellsportarrangement er forbundet med ein viss risiko. Uhell og skader kan forekome. Vi prøver til ein kvar tid å minimere denne risikoen/konsekvensen. Våre Guider har det overordna ansvaret for sikkerheita i gruppa. For at våre Guider skal vere ansvarlig forutsett det at den enkelte gjest til ein kvar tid er medansvarleg og fylgjer våre Guiders anvisningar.

Forsikring:

Vi tilbyr ikkje avbestillingsbeskyttelse, reise eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Den enkelte deltakar er sjølv ansvarleg for å teikne nødvendig reise og ulykkesforsikring med eventuelt avbestillingsbeskyttelse.