Skreddersy din eigen tur

Her kan du velge blant Summnørsalpanes mange toppar. Du velger dagens mål i samråd med oss.

Velg Tur Utifrå Dine Ynskjer.

Her kan du i samråd med oss lage deg den perfekte topptur. Her kjem vi med anbefalingar til deg. Vi tek omsyn til dine ynskjer og dine ferdigheiter.Vil du ha utsikt eller er det den perfekte toppen du søkjer. Ynskjer du stillheit og ein tur som ingen andre går. Vi er lokalkjende og veit om desse plassane. Kanskje du vil gå med stegjarn bortetter snøkledde eggjer eller utfordre deg sjølv med tau på Brekketind.  Tinderangling eller den slake turen som ikkje verkar for krevande. Vil du ha middag på ein veglaus gard med eigen kokk. Bo avsides på ei seter eller bo på eit av dei flotte hotella i område.

Dette er ynskjer som vi kan hjelpe deg med. Vi ser fram til å gje deg din perfekte tur. Ingen ynskjer er for spesielle. Vi likar at du utfordrar oss.

Utstyr:

Ryggsekk med mat og drikke og bekledning for ein lang dag i fjellet. Gode fjellsko. Her vil du få pakkliste utifrå kva tur du vil gå.

Priser

PRISAR: Vi tek 1500 kr pr person, dette om Dykk er 4 eller meir. Om Dykk er 3 personar tek vi kr 2000 pr person. 2 personar kr 3000 pr person. Ved 1 person er prisen kr 6000.

 

 Maks 6 personar pr guide.

 

Ved større grupper ta kontakt for pristilbod. Vi ordnar og overnatting, mat, båtskyss, henting/bringing og andre forespørslar.

Lyst å være med?

Dette er turar som vi kan gå heile året. Gle deg.

Kontakt oss

Epost: kontakt@hjorundfjordmountainguide.no

Tlf: +47 45235902 eller +47 95065934

Kontaktskjema

Forutsetningar:

Våre turar og kurs skal i størst mogeleg grad vere i tråd med kvar einskild og gruppa sine forutsetningar. (fysisk form, ferdigheiter, erfaring osv) Det er derfor viktig at du tek hensyn til dette ved valg av tur. Er du i tvil ta kontakt med oss.

Ver Og Føre

Ved dårleg ver,føre eller forhold forbeheld vi oss retten til å gå ein alternativ tur. Dette er det vår Guide som tek bestemmelsen på. Om vi ikkje kan tilby ein alternativ tur eller eit arrangement får deltakarane refundert det innbetalte beløpet.

Ansvar Og Medansvar:

Deltakelse på fjellsportarrangement er forbundet med ein viss risiko. Uhell og skader kan forekome. Vi prøver til ein kvar tid å minimere denne risikoen/konsekvensen. Våre Guider har det overordna ansvaret for sikkerheita i gruppa. For at våre Guider skal vere ansvarlig forutsett det at den enkelte gjest til ein kvar tid er medansvarleg og fylgjer våre Guiders anvisningar.

Forsikring:

Vi tilbyr ikkje avbestillingsbeskyttelse, reise eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Den enkelte deltakar er sjølv ansvarleg for å teikne nødvendig reise og ulykkesforsikring med eventuelt avbestillingsbeskyttelse.