Om oss

Fjella kring Hjørundfjorden er det perfekte området for toppturar. Her finn du mange av dei villaste fjelltoppane i Noreg. Dette gir det perfekte utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Alle våre guidar har mange års erfaring med tindbestigning på Sunnmøre, og har dermed opparbeida seg ein stor lokalkunnskap for å finne den sikraste ruta både opp og ned fra dei fleste toppane på Sunnmøre.

Vi tek på oss guiding på mange av dei mest kjende fjella på Sunnmøre både sommar og vinter. Vi skreddarsyr turar til deg. Alt frå overnatting, mat og turopplegg.

Ta kontakt for meir informasjon om vårt opplegg.

Vår målsetjing er: Fremje kultur, busetnad og fjellsport i Hjørundfjord.

Guidar

Jens-Arve Forbord

Jens-Arve Forbord.

Fødd og oppvaksen på Urke i Hjørundfjord.  Produksjonssjef hjå AS Formvac. Røykdykkar for Stranda brannvesen.  Mangeårig leiar av Stranda Alpingruppe.  Medlem av Stranda Røde Kors.  Starta Hjørundfjord Tinderanglarlag i 2005.  Har mangeårig erfaring med fjella kring Hjørundfjorden. Eigar og Fjellførar for Hjørundfjord Mountain Guide.

Favorittuttrykk : Jævla bra. 

Svein Urke

Er busett på Stranda, men er fødd og oppvaksen på Urke i Hjørundfjord.

Svein har vore på det fleste toppar rundt Hjørundfjorden både sommar og vinter og har dermed opparbeida seg god kunnskap om rett rutevalg for trygg ferdsel i fjellet.

Som mangeårig medlem i skipatruljen og Røde Kors, så har han også  fått god opplæring og erfaring for å vurdere skredfaren og førsteinnsats skred  og behandling av skadde i fjellet.   

Eigar og Fjellførar for Hjørundfjord Mountain Guide

Kjetil Leknes

Kjetil er Nortind utdanna IFMGA tindeveileder og HMS  ansvarleg i Hjørundfjord Mountain Guide.

Han jobbar til dagleg i luftambulansen som redningsmann. Han er storbonde i Hjørundfjorden og driv Leknes lodge. Kjetil er ein særs dugande kar og få kjenner Hjørundfjorden bedre. Samstundes er han ofte i alpane og guidar der. Favoritten i alpane er nok Mont Blank der han har utalige bestigningar. 

Kjetil tilbyr klatre og skiturar til Alpane, samt turar i Jotunheimen, Romsdalen og andre stadar på førespurnad. Sunnmørsalpane her hans heimebane.