Slogen 1564moh

Slogen dronninga i Sunnmørsalpane.

Frå fjorden røyser Slogen seg majestetisk. Dette er Dronninga i Sunnmørsalpane. Dette er det mest kjende fjellet i Hjørundfjorden, ja kanskje i heile landet. Om Slogen seier fjellpioneren W C Slingsby : «You will never see another such beautiful view!» Han visste kva han snakka om. Ein fabelaktig annmars blant kvasse tindar. Alpin tilnærming i alpint tereng, Ei nedkjøyring som ikkje stend attende for det beste dei har å by på i Alpane.  

Utstyr:

Skredsøkjar, spade og stong må alle ha med, om du ikkje har dette kan du leige dette hjå oss.

Ryggsekk med mat og drikke og bekledning for ein lang dag i fjellet. 

Priser

PRISAR: Vi tek 1500 kr pr person, dette om Dykk er 4 eller meir. Om Dykk er 3 personar tek vi kr 2000 pr person. 2 personar kr 3000 pr person. Ved 1 person er prisen kr 6000.

 

 Maks 6 personar pr guide.

 

Ved større grupper ta kontakt for pristilbod. Vi ordnar og overnatting, mat, båtskyss, henting/bringing og andre forespørslar.

Lyst å være med?

Denne turen er gjennomførbar heile året. På ski vinteren eller som vårskitur. Haust og sommar svært fin som fottur. Også flott som stegjernstur om vinteren.

Kontakt oss

Epost: kontakt@hjorundfjordmountainguide.no

Tlf: +47 45235902 eller +47 95065934

Kontaktskjema

Forutsetningar:

Våre turar og kurs skal i størst mogeleg grad vere i tråd med kvar einskild og gruppa sine forutsetningar. (fysisk form, ferdigheiter, erfaring osv) Det er derfor viktig at du tek hensyn til dette ved valg av tur. Er du i tvil ta kontakt med oss.

Ver Og Føre

Ved dårleg ver,føre eller forhold forbeheld vi oss retten til å gå ein alternativ tur. Dette er det vår Guide som tek bestemmelsen på. Om vi ikkje kan tilby ein alternativ tur eller eit arrangement får deltakarane refundert det innbetalte beløpet.

Ansvar Og Medansvar:

Deltakelse på fjellsportarrangement er forbundet med ein viss risiko. Uhell og skader kan forekome. Vi prøver til ein kvar tid å minimere denne risikoen/konsekvensen. Våre Guider har det overordna ansvaret for sikkerheita i gruppa. For at våre Guider skal vere ansvarlig forutsett det at den enkelte gjest til ein kvar tid er medansvarleg og fylgjer våre Guiders anvisningar.

Forsikring:

Vi tilbyr ikkje avbestillingsbeskyttelse, reise eller ulykkesforsikring på våre arrangement. Den enkelte deltakar er sjølv ansvarleg for å teikne nødvendig reise og ulykkesforsikring med eventuelt avbestillingsbeskyttelse.